Hopp til innhold
X
Innhald

Tusengylden

Tusengylden (latin Centaurium), små eitt- eller fleirårige planter i søterotfamilien med raude eller rosa blomstrar. Slekta omfattar om lag 50 artar som alle veks på fuktig grunn. Av desse finst det to i Noreg: tusengylden, C. littorale, og dverggylden, C. pulchellum, som veks frå Oslofjorden til høvesvis Skudenes og Arendal.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.03.2013
Sist oppdatert: 14.03.2013