Hopp til innhold
X
Innhald

Tviblad

Tviblad (latin Listera), orkidéslekt med 30 artar der to av dei finst i Noreg. Stortviblad, L. ovata, blir 40 cm høg og har to store, eggrunde, motsette blad og ei rekkje gulgrøne blomstrar i ein lang, smal klase. Småtviblad, L. cordata, blir 10 cm høg og har ein fåblomstra klase med små, grøngule blomstrar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.03.2013
Sist oppdatert: 15.03.2013