Hopp til innhold
X
Innhald

Tvitann

Tvitann (latin Lamium), planteslekt i leppeblomsterfamilien med 40 artar der sju av dei veks vilt i Noreg. Raudtvitann, L. purpureum, er eit 15 cm høgt ugras med purpurraude blomstrar som veks veks over heile landet. Gulltvitann, L. galeobdolon, som har gule blomstrar, veks i kyststrok frå Halden til Bergen. Døvnesle, L. album, med kvite blomstrar og nesleliknande blad følgjer kulturen over heile landet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.03.2013
Sist oppdatert: 15.03.2013