Hopp til innhold
Foto: "marittur", Flickr.com CC-BY
Foto: "marittur", Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Tyrihjelm

Tyrihjelm (latin Aconitum septentrionale), eller lushatt, meterhøg plante i soleiefamilien med handdelte blad og gråblå, hjelmliknande blomstrar i klasar. Ho høyrer til den såkalla høgstaudevegetasjonen og veks i fuktige skog- og fjellier over det meste av landet, unnateke på Vestlandet. Heile planta er svært giftig, men har tidlegare vore brukt i folkemedisinen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.03.2013
Sist oppdatert: 15.03.2013