Hopp til innhold
X
Innhald

Valmue

Valmue (latin Papaver), slekt med 100 artar eitt- eller fleirårige planter i valmuefamilien. Dei har kvit eller gul mjølkesaft og gule, kvite eller raude blomstrar. Frukta er ein kapsel. Opiumsvalmue, P. somniferum, er ein eittårig, meterhøg art med mjølkesaft som inneheld fleire giftige alkaloid, mellom anna morfin. Den inntørka mjølkesafta blir kalla opium. Frøa er brukte som krydder eller til framstilling av valmueolje ved pressing.
I Noreg finn ein fleire sjeldsynte artar i fjellet. Enkelte artar opptrer som ugras, mellom anna kornvalmue, P. rhoeas, medan sibirvalume, P. nudicaule, er mykje brukt som villig prydplante.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.06.2013
Sist oppdatert: 21.06.2013