Hopp til innhold
X
Innhald

Valmuefamilien

Valmuefamilien (latin Papaveraceae), frikrona plantefamilie med 850 eitt- eller fleirårige artar. Dei har undersitjande blomstrar, og frukta er ein kapsel eller ei nøtt. Dei fleste artane høyrer heime i tempererte og subtropiske strok i middelhavslanda og Aust-Asia.
Av slekter som har viltveksande artar i Noreg, kan ein nemne svaleurt, hornvalmue, valmue, lerkespore og jordrøyk. Som prydplanter dyrkar ein artar av mellom anna slektene lerkespore, hjarteblom (til dømes løytnantshjarte), kaliforniavalmue, hornvalmue, blodurt og valmue.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.03.2013
Sist oppdatert: 15.03.2013