Ficaria verna

Ficaria verna, vårkål. Foto frå: Hobro, Jylland, Danmark

Ficaria verna

Ficaria verna, vårkål. Foto frå: Hobro, Jylland, Danmark

Vårkål er ei fleirårig urt i soleiefamilien som blir mellom 10 og 30 centimeter høg.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ficaria verna
Beskriven av
William Hudson
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig

Eigenskapar

I tillegg til vanlege røter har vårkål saftige, klubbeforma rotknollar med opplagsnæring. Blomane, som blømer tidleg om våren, har oftast sju til åtte skinande gule kronblad. Blada er nyreforma, tjukke og blanke.

Utbreiing

Vårkål veks naturleg i Europa, Nord-Afrika, Kaukasus, Sibir og Vest-Asia. Vårkål veks i fuktig, feit moldjord i småskog i sørlege delar av Austlandet og elles langs kysten nord til Troms.

Bruk

Vårkål har svært lita betydning som krydderurt, men blomeknoppane har tidvis vorte brukte som erstatning for kapers. Unge vårblad har vorte brukte i salatar eller kokte som grønsaker på grunn av det høge C-vitamininnhaldet. Men urta inneheld så mykje giftstoff at det blir ikkje tilrådd å bruke planten til matlaging.

Historie

Innan folkemedisinen har vårkål vorte brukt mot mellom anna skjørbuk, hemoroidar, hudproblem og raudning.

Systematikk

Nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Art Vårkål Ficaria verna
Familie Soleiefamilien Ranunculaceae
Orden Soleieordenen Ranunculales
Klasse Tofrøblada plantar Dicotyledoneae
Rekkje Dekkfrøa plantar Angiospermae
Rike Planteriket Plantae

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

vårkål
Ficaria verna
Tidlegare vitskapleg namn
Ranunculus ficaria L., Ficaria ranunculoides Roth
Artsdatabanken-ID
103123
GBIF-ID
9094061

Kommentarar (1)

skreiv Marte Holten Jørgensen

I følge engelsk wiki er denne nå skilt ut som Ficaria verna. https://en.wikipedia.org/wiki/Ficaria_verna

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg