Hopp til innhold
X
Innhald

Vasspest

Vasspest (latin Elodea canadensis), vassplante i froskebitfamilien med meterlange stenglar og smale blad. Arten har særskilde hann- og hoplanter, og desse ber små, kvite blomstrar. Hoplanta kom til Europa, dvs. til Irland, frå Nord-Amerika i 1836. Ho spreier seg lett vegetativt og tettar til vassuttak og fyller kanalar. Vasspest vart først funnen i Noreg (Oslo) i 1925, og seinare har ho spreidd seg, periodevis eksplosivt på det nedre Austlandet. Ho er elles ei vanleg akvarieplante.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2013
Sist oppdatert: 18.03.2013