Hopp til innhold
X
Innhald

Vindel

Vindel (latin Convolvolus), slekt med 250 artar slyngjande urter i vindelfamilien med store, trektforma blomstrar som er snodde i knoppleie. Åkervindel, C. arvensis, med kvite blomstrar, er eit brysamt ugras i Sør-Noreg. Strandvindel, C. sepium, er dels brukt som prydplante og veks på havstrand frå Østfold til Trøndelag. I tillegg er det gjort spreidde funn i innlandet. Vanleg som hageplante er trikolorvindel, C. tricolor, som kjem frå middelhavslanda og har trefarga blomstrar. Dessutan finst det mange kulturformer.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2013
Sist oppdatert: 18.03.2013