Hopp til innhold
X
Innhald

Vindelfamilien

Vindelfamilien (latin Convolvulaceae), samkrona plantefamilie med 1650 artar. Dei har klokke- eller trektforma blomstrar og kapselfrukt. Til denne familien høyrer slektene vindel og snyltetråd, begge med viltveksande artar i Noreg. Ei viktig tropisk og subtropisk slekt med over 400 artar er ormevindel, Ipomoea, der ein finn mellom anna batat eller søtpotet, I. batatas.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2013
Sist oppdatert: 18.03.2013