Hopp til innhold
Foto: Dietmut Teijgeman-Hansen, Flickr.com CC-BY
Foto: Dietmut Teijgeman-Hansen, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Vivendel

Vivendel (latin Lonicera periclymenum) eller populært kaprifol, slyngjande busk (lian) i kaprifolfamilien med gulkvite, velluktande og uregelmessige blomstrar i tette hovud og raude, giftige bær. Planta blir pollinert av store nattsvermarar og luktar berre om kvelden og natta. Ho veks på knausar og i småskog i kyst- og fjordstroka til Nordmøre.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2013
Sist oppdatert: 18.03.2013