Hopp til innhold

 Vanleg bjørnemose. Foto: James K. Lindsey
Vanleg bjørnemose. Foto: James K. Lindsey
X
Innhald

Bjørnemose

Bjørnemose (latin Polytrichum), slekt av bladmosar med opprette og ugreina planter. Dei veks i tette bestandar i skog og på myrar. Bjørnemose har blad der dei assimilerande (klorofyllhaldige) cellene sit i lamellar (plater) langsetter bladet. Vanleg bjørnemose, P. commune, kan bli 50 cm høg, og er svært vanleg i granskog.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.09.2012
Sist oppdatert: 10.09.2012