Hopp til innhold
X
Innhald

Brasmegras

Brasmegras (latin Isoetes), slekt av brasmegrasfamilien med om lag 75 artar sump- og vassplanter. I Noreg finst det to artar som begge har knollforma jordstengel og sylforma blad. Ved bladgrunnen sit det to typar sporehus, makrosporangium med makrosporar (storsporar) og mikrosporangium med mikrosporar (småsporar).
 
Stivt brasmegras, I. lacustris, har glatte sporar, medan mjukt brasmegras, I. echinospora, har piggete sporar. Dei er vanlege i heile Noreg, på botnen av innsjøar og stilleflytande elvar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.09.2012
Sist oppdatert: 10.09.2012