Hopp til innhold
X
Innhald

Bregner

Bregner (latin Filicinae), klasse av karsporeplanter med fem familiar i Noreg: ormetunge-, kongsbregne-, hinnebregne-, sisselrot- og vassbregnefamilien.
 
Dei har ein livssyklus med generasjonsveksling, dvs. eit regelmessig skifte mellom ein kjønna og ein ukjønna generasjon. Den kjønna omfattar eit oftast usjåleg prothallium på eller i jorda med hannlege (anteridium) og holege (arkegonium) formeiringsorgan. Frå den befrukta eggcella veks det opp ein sporofytt, den eigentlege bregneplanta, med røter, jordstengel og blad. På denne utviklar det seg sporehus med sporar som kan spire til nye prothallium.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.09.2012
Sist oppdatert: 10.09.2012