Hopp til innhold
 Skogburkne.
Skogburkne.
X
Innhald

Burkne

Burkne, namn på artar av bregneslektene Athyrium og Asplenium. I den første av desse finn ein den svært vanlege skogburknen samt russeburkne og fjellburkne. I den andre slekta er svartburkne og olavsskjegg dei vanlegaste artane, og elles inngår havburkne, brunburkne, grønnburkne, murburkne og blankburkne.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.09.2012
Sist oppdatert: 10.09.2012