Hopp til innhold
X
Innhald

Elvemose

Elvemose (latin Fontinalis), slekt av bladmosar. Vanleg elvemose, F. antipyretica, dannar opptil 70 cm lange stenglar som er sparsamt forgreina. Dei 4–7 mm lange, båtforma (kjølaktige) blada sit i tre tydelege rekkjer. Arten dannar store teppe på stein og trerøter i bekker og elvar over heile Noreg.
 
Slank elvemose, F. dalecarlica, er meir sjeldsynt, og ein kjenner han på at blada manglar kjøl.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.09.2012
Sist oppdatert: 10.09.2012