Hopp til innhold
 Etasjemose. Foto: flickr.com, Atle Grimsby.
Etasjemose. Foto: flickr.com, Atle Grimsby.
X
Innhald

Etasjemose

Etasjemose (latin Hylocomium splendens), bladmose som dannar store teppe av rikt forgreina og glinsande grøne skot. Greinene er fjørforma og breier seg ut i meir eller mindre tydelege plan (etasjar). Etasjemose er særleg vanleg i blåbærrike gran- og bjørkeskogar. Arten er kanskje den mest vanlege mosen i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.09.2012
Sist oppdatert: 10.09.2012