Hopp til innhold
X
Innhald

Furumose

Furumose (latin Pleurozium schreberi), ein av dei aller vanlegaste bladmosane i Noreg. Han har ein raud, 8–10 cm høg stengel, og er nokså regelmessig fjørgreina. I tillegg har han 1–2 mm store, butte taklagde blad. Furumosen dannar store teppe av opprette, gulgrøne og glinsande skot. Arten er vanleg over heile Noreg, men er sjeldsynt over skoggrensa.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.09.2012
Sist oppdatert: 10.09.2012