Hopp til innhold
X
Innhald

Gråmose

Gråmose (latin Racomitrium lanuginosum), bladmose som dannar 5–20 cm høge, lause tuer. Han verkar gråaktig fordi blada endar i ein lang, tanna og kvit hårspiss. Gråmosen kan dekkje store flater på lynghei, myrar og steinurer. Arten trivst best i kyststrok og er særleg vanleg på Vestlandet.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.09.2012
Sist oppdatert: 10.09.2012