Hopp til innhold
X
Innhald

Karsporeplanter

Karsporeplanter (latin Pteridophyta), høgtståande gruppe av sporeplantar der det utviklar seg kar eller leiingsstrenger i vevet for transport av vatn på same måten som hos blomsterplanter. Karsporeplantene har generasjonsveksling i livssyklus mellom ein diploid sporofytt (den planta vi ser ute i naturen) og ein haploid gametofytt (oftast usjåleg, kan vere underjordisk). Den sistnemnde ber kjønnsorgan (anteridium og arkegonium). Gruppa omfattar plantegruppene bregner, sneller, kråkefotplanter og brasmegras.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.09.2012
Sist oppdatert: 10.09.2012