Hopp til innhold
X
Innhald

Kråkefotplanter

Kråkefotplanter (latin Lycopodiatae), gruppe av karsporeplanter som omfattar fleirårige urter med små skjel- eller nåleforma blad. Dei høyrer til to familiar: kråkefotfamilien og dvergjamnefamilien. Slekta kråkefot, Lycopodium, med 450 artar er representert med sju artar i Noreg (som av og til er rekna til fire ulike slekter).
 
Vanlegast er mjuk kråkefot, L. clavatum, med ofte meterlange, krypande stenglar og blad som endar i eit mjukt hår, stri kråkefot, L. annotinum, med stive, broddspisse blad, og lusegras, L. selago, med grove, stivt opprette stenglar. Alle er vanlege i skog, hei og til dels i myrlende. På fjellet er fjelljamne, L. alpinum, den vanlegaste arten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.09.2012
Sist oppdatert: 10.09.2012