Hopp til innhold
 Mose.Foto: Luis Parravicini, flickr.com
Mose.Foto: Luis Parravicini, flickr.com
X
Innhald

Mosar

Mosar (latin Bryophyta), låge, grøne plantar utan leiingsvev som formeirar seg ved sporar. Mose veks helst i fuktige miljø, og det finst om lag 25 000 kjende artar som er fordelte over heile verda. Mosane har to generasjonar i livssyklusen sin: ein ukjønna (sporofytt) med sporar, og ein kjønna (gametofytt). Frå ein spore veks det først opp ein ørliten, trådforma, forgreina forkime (protonema). På denne dannar det seg fleire små knoppar som veks opp til moseplanter. Mosane har stengel og blad, men manglar ekte røter. Dei har i staden rotliknande organ (rhizoidar).
Dei hannlege kjønnsorgana (anteridium) dannar spermatozoidar, og på den same planta eller ei anna dannar det seg holege kjønnsorgan (arkegonium), som dannar eggceller. Spermatozoidane sym over til egget gjennom regn- eller doggdropar. Etter befruktinga veks det opp ein sporofytt med stilk og eit sporehus i toppen av planta, der sporane blir danna.
Moseartane er delte inn i bladmosar og levermosar. Levermosane er for det meste plateforma og ligg pressa mot underlaget. Den mest kjende arten er tvaremose. Bladmosane har stengel med små blad som ofte er forsynte med nervar. Til desse høyrer til dømes elvemose, etasjemose og torvmosar. Mosane spelar ei viktig rolle i naturen ved at dei ofte er pionerplanter som dermed legg forholda til rette for etablering av høgare planteformer. Dei er dessutan viktige ved at dei regulerer fuktforholda i skogbotnen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.09.2012
Sist oppdatert: 10.09.2012