Hopp til innhold
 Ormetelg
Ormetelg
X
Innhald

Ormetelg

Ormetelg (latin Dryopteris filix-mas), 70 cm høg bregne av sisselrotfamilien som har skjelete stilk og dobbeltfinna blad. Sporehushopane på undersida av bladfinnane er dekte av eit nyreforma slør. Arten veks på steinete stader over heile Noreg, opp til 1300 moh. Tørka jordstenglar har lenge vore kjende som eit verksamt middel mot innvolsormar, og difor har han fått namnet ormetelg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 10.09.2012