Hopp til innhold
  Ormetunge.
Ormetunge.
X
Innhald

Ormetunge

Ormetunge (latin Ophioglossum vulgatum), 10 cm høg bregne i ormetungefamilien som har eit kjøtfullt, gulgrønt blad med ein smal, aksforma sporestand. Ormetunge veks på havstrand og på fuktig, gjerne kalkrik grunn. Arten er utbreidd omkring Oslofjorden, enkelte stader på det indre Austlandet, og spreidd langs kysten til Træna. Han har vore brukt i folkemedisinen som blodstillande middel.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.09.2012
Sist oppdatert: 10.09.2012