Hopp til innhold
X
Innhald

Sisselrot

Sisselrot (latin Polypodium vulgare), 25 cm høg bregne i sisselrotfamilien med krypande, brunfilta jordstengel med søtleg smak. Sisselrot har stive, tjukke, enkeltfinna og vintergrøne blad. Arten veks på berg, stein og gamle trestammar over heile Noreg opp til 1200 m. Han vart brukt i folkemedisinen mot mellom anna gikt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.09.2012
Sist oppdatert: 10.09.2012