Hopp til innhold
X
Innhald

Sisselrotfamilien

Sisselrotfamilien (latin Polypodiaceae), den største bregnefamilien med om lag 3000 fleirårige, urteaktige planter. Artane formeirar seg ved sporar som blir danna i sporehus og slyngde ut ved ein spesiell mekanisme.
 
Sporehusa (sporangia) sit i grupper (sori) som oftast er dekte av eit slør (indusium). I Noreg finst det 15 slekter med viltveksande bregner. Fleire av artane er brukte som prydplanter og saman med snittblomster i bukettar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.09.2012
Sist oppdatert: 10.09.2012