Hopp til innhold
 Kjerringrokk.  foto: Ole Husby, flickr.com
Kjerringrokk. foto: Ole Husby, flickr.com
X
Innhald

Sneller

Sneller (latin Equisetum) eller kjerringrokk, slekt i snellefamilien, som høyrer til karsporeplantene. Artane har to generasjonar i livssyklusen sin, ei usjåleg kjønna livsform med egg-gøyme (arkegonium) og sædgøyme (anteridium) og ei ukjønna, dei eigentlege snellene. Desse har krypande jordstenglar og opprette, stive, overjordiske stenglar som har fòra ledd med blad som er reduserte til slirer rundt stengelen. Av dei 23 artane i verda har Noreg ni.
Åkersnelle, E. arvense, og engsnelle, E. pratense, er vanlege ugras i åker og eng. Vanlege er også skogsnelle, E. sylvaticum, og myrsnelle, E. palustre. Skavgras, E. hyemale, har ekstra stort innhald av kiselsyre og har vore brukt til reingjering av trekar og polering av trereiskapar. I folkemedisinen har tørka sneller vore brukte til te. Snellene var meir utbreidde i tidlegare tidsperiodar, og dei kunne då bli store som tre.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.09.2012
Sist oppdatert: 10.09.2012