Hopp til innhold
  Strutsevinge. Foto: Cicilie Fagerlid, flicr.com
Strutsevinge. Foto: Cicilie Fagerlid, flicr.com
X
Innhald

Strutsevinge

Strutsevinge (latin Matteuccia struthiopteris), meterhøg bregne med to typar blad. Ytst finn ein ei trekt av sporelause, store, grøne og fjørforma blad, og inne i trekta dannar det seg kortare, brune, sporeberande blad som ikkje visnar ned om hausten. Arten veks i skog og dalsøkk over heile Noreg, og opp til 900 moh., men han er sjeldsynt i Finnmark.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.09.2012
Sist oppdatert: 10.09.2012