Hopp til innhold
X
Innhald

Torvmosar

Torvmosar (latin Sphagnum) eller kvitmosar, slekt av bladmosane. Torvmosane er dei vanlegaste moseartane på myrar, og dei er også vanlege som botnvegetasjon i fuktige skogstrok. Artane dannar stadig nye celler i toppen og døyr nedantil, slik at det dannar seg torv. Dei inneheld det antiseptiske stoffet sphagnol. Tidlegare brukte ein dei som isolasjon i tømmerhus og til omslag på sår, mot ros, ormebit og insektstikk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.09.2012
Sist oppdatert: 10.09.2012