Hopp til innhold
X
Innhald

Tvaremose

Tvaremose (latin Marchantia polymorpha), levermose med opptil 3 cm breie, bandaktige skot som ligg trykte til marka. Tvaremosen formeirar seg ukjønna ved yngleknoppar som blir danna i spesielle beger på oversida av skota. Kjønnsorgana blir danna i tvareliknande utvekstar, «hanntvarar» og «hotvarar», på ulike individ. Overføring av hannlege kjønnsceller til eggcellene skjer i regnvêr. Arten veks på fuktig jord over heile Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.09.2012
Sist oppdatert: 10.09.2012