Hopp til innhold
Barlind, Taxus baccata. Foto: Biodiversity Heritage Library, flickr.com CC BY-NC-SA 2.0
Barlind, Taxus baccata. Foto: Biodiversity Heritage Library, flickr.com CC BY-NC-SA 2.0
X
Innhald

Barlind

Barlind (latin Taxus baccata), bartre i barlindfamilien som i Noreg kan bli inntil 15 m høgt. Det kan ha tjukk stamme og bli opptil 4 m i omkrins. Det blir ikkje danna noka frukt på treet, men frøa er omgitte av eit raudt hylster som fuglane et, slik at dei dermed spreier treet. Heile planta unnateke dette hylsteret inneheld gifta taxin, eit alkaloid som kan vere døyeleg for hestar som et bar.
Veden omfattar lys ytterved og raudbrun kjerneved. Han er sterk, seig og bøyeleg, og ein kan bruke han til mange ting. Barlind veks nord til Feiring på Austlandet, og langs kysten til Molde.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.10.2012
Sist oppdatert: 26.10.2012