Hoblomar på gran
Unge frøkongler («hoblomar») i skotspissane hos gran. Dei er oftast blodraude, men kan også vera grøne.
Hoblomar på gran
Lisens: CC BY SA 3.0

Bartre er ein underklasse av klassen landplantar (Embryopsida). Dei er den største gruppa av nakenfrøa plantar. Bartrea veks som tre og buskar med rikt greina stamme, som hos enkelte artar kan bli over 100 meter høge og 3000 år gamle. Hos mellom anna furu og lerk er det stor skilnad på langskot og kortskot.

Faktaboks

Også kjend som
nåletre, bartrær, nåletrær, koniferer, Pinidae Coniferae (dvs. 'kongleberarar')
Vitskapeleg namn
Pinopsida

Bartre

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Stamme

Stammen består av tett ved, som er danna av trakeidar og er heilt utan kar. Han veks seg tjukkare ved celledeling og differensiering i kambiet. Bartre kan ha harpiksgangar i veden, borken eller blada.

Blad

Blada er oftast nåleforma og blir kalla barnåler. Einer har kransstilte nåler, gran og furu har spreiddstilte. Hos sypressfamilien er blada oftast skjelforma og motsette. Hos to familiar, krantrefamilien (Araucariaceae) og podokarpfamilien (Podocarpaceae), finst breie, fleirnerva blad. Alle bartre, bortsett frå dei som tilhøyrer slektene lerk (Larix), gull-lerk (Pseudolarix) og urtidstre (Metasequoia), har fleirårige blad. Knoppane er i kvileperioden dekt av tynne skjel, som fell av om våren.

«Blomar»

Bartrea har mikrosporestandar som blir kalla pollenkongler og utviklar pollenkorn. Dei holege frøemnestandane blir kalla frøkongler. Begge kjønn kan finnast på same tre (sambu), eller det kan vera særskilde hann- og hotre (særbu). Dei hannlege pollenkonglene består av ei rekkje mikrosporeblad (eller pollenblad) som sit langs ein midtstilt akse. På undersida av kvart mikrosporeblad sit to til fem pollensekker som sprekk opp og slepper pollenkorna ut. Dei holege frøemna kan vere plasserte enkeltvis, som hos barlind, men hos dei fleste bartre er dei samla i frøkongler som etter befruktning (pollinering) veks ut til modne kongler med ferdige frø.

I nyare botaniske lærebøker blir termen blome berre brukt om formeiringsorgan hos dekkfrøa plantar, men i dagleg tale blir pollenkonglene og dei unge frøkonglene hos bartre også kalla hannblomar og hoblomar.

Utbreiing og systematikk

Bartre er den eldste og største gruppa av nolevande nakenfrøa plantar, med rundt 615 artar som blir delte i seks til åtte familiar og omtrent 70 slekter.

Dei oppstod i siste del av karbon, for omtrent 300 millionar år sidan, og hadde til midtre krit, det vil seia i nesten 200 millionar år, mykje større utbreiing og artsrikdom enn i dag.

I dag dannar bartre store skogområde i Jordas boreale og tempererte soner og ein del tropiske fjellområde. Sjå også barskog.

I Noreg finst det opphavleg fire artar:

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

bartre
Pinopsida
GBIF-ID
194

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg