Hopp til innhold
X
Innhald

Douglasgran

Douglasgran (latin Pseudotsuga), nordamerikansk slekt med eviggrøne bartre. Greinene er kransstilte, og nålene er flate med gråkvite striper og sit i to rader. Douglasgrana har hengjande konglar med trekløyvde dekkskjel. Berre éin av dei seks artane blir planta i Noreg, vanleg douglasgran, P. menziesii (= P. taxifolia), som i Amerika kan bli 100 m høg og 700 år. I Noreg (dvs. på Sørlandet og Vestlandet) blir ho sjeldan over 30 m høg. To former blir planta hos oss, ei låglandsform, viridis, og ei fjellform, glauca.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.10.2012
Sist oppdatert: 26.10.2012