Hopp til innhold
X
Innhald

Edelgran

Edelgran (latin Abies), slekt med eviggrøne bartre i furufamilien. Slekta har om lag 40 artar i Europa, Asia og Amerika. Trea har flate nåler med spiss eller utranda topp og to kvite striper på undersida, med rader av spalteopningar. Hoblomstrane sit i opprette konglar. Etter mogninga blir kongleakset sitjande, men frø og dekkskjel fell av. Ingen av artane veks vilt i Noreg, men mange blir planta i hagar og parkar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.10.2012
Sist oppdatert: 29.10.2012