Hopp til innhold
X
Innhald

Einer

Einer (latin Juniperus communis), eviggrøn busk eller lite tre i sypressfamilien som kan bli inntil 10–15 m høgt. Arten har fleirårige, sylspisse nåler (blad) i tretalskransar. Særbuplanter, dvs. hannblomstrar og hoblomstrar på ulike individ. Einerbæret er eigentleg ein kongle som er sett saman av tre saftige kongleskjel og blir kalla bærkongle. Dei bruker 2–3 år på å mogne. Einerbær har vore brukte innanfor medisin, men i dag nyttar ein dei som krydder.
Einer veks på tørr bakke og i skog, og arten er vanleg i heile landet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.10.2012
Sist oppdatert: 26.10.2012