Hopp til innhold
X
Innhald

Furufamilien

Furufamilien (latin Pinaceae), den største familien innanfor klassen bartre. Furutrea er eviggrøne tre med hann- og hoblomstrar på same individet (sambuplanter). Hannblomsteren omfattar nokre skjel nedst samt talrike pollenberarar, kvar med to pollensekker. Hoblomstrar er samla i blomsterstandar (konglane). Ein hoblomster omfattar eit kongleskjel med to frøemne samt eit ytre dekkskjel. Frøemna (og seinare frøa) ligg opne (nakne), og furufamilien høyrer til dei nakenfrøa blomsterplantene (gymnosperma). Det blir altså ikkje danna noka frukt hos desse plantene.
Furufamilien omfattar 10 slekter med til saman om lag 250 artar. Dei viktigaste slektene i tillegg til furu er edelgran, gran, seder, lerk, douglasgran og hemlockgran.
                                      

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.10.2012
Sist oppdatert: 29.10.2012