Hopp til innhold
X
Innhald

Gran

Gran (latin Picea), slekt av furufamilien som omfattar bartre med fleirårige blad (nåler) som sit enkeltvis på små, opphøgde puter. Grana kan bli opptil 40 m høg, medan rotsystemet sjeldan går djupare enn 1 m. Hann- og hoblomstrar sit på det same individet (sambu). Pollinering skjer ved hjelp av vinden, og utviklinga av mogne konglar skjer same året. Det er gjerne frøår kvart tredje eller fjerde år.
Grantre kan bli 400 år gamle, men er hogstmogne etter 70–100 år. Grantrea opptrer i fleire ulike former, som hengjegran, slangegran og søylegran. Grana er det viktigaste skogstreet i Noreg, og veden blir brukt til all slags byggjemateriale og som råstoff for tremasse, papir og sulfittcellulose.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.10.2012
Sist oppdatert: 29.10.2012