Hopp til innhold
X
Innhald

Lerketre

Lerketre (latin Larix), bartreslekt av furufamilien med mjuke nåler som trea fell om hausten. Artane har utståande eller hengjande greiner. Europeisk lerk, L. decidua, dannar skogar i Mellom-Europa, går opp til 2500 m i Alpane, og blir ofte planta i Noreg. Sibirlerk, L. sibirica, dannar utstrekte skogar i Sibir. Veden har stort harpiksinnhald og er motstandsdyktig mot ròte.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.10.2012
Sist oppdatert: 26.10.2012