Hopp til innhold
X
Innhald

Nakenfrøa planter

Nakenfrøa planter (latin Gymnospermae eller Pinophytina), fellesnemning for fleire plantegrupper (oftast delt i sju klassar) der frøa ligg opne (nakne) og ikkje inne i ein lukka fruktknute som hos dei dekkfrøa plantene. Dei nakenfrøa plantene dannar difor ikkje noka form for frukt.
Slike planter oppstod i slutten av devontida, dvs. for om lag 350 millionar år sidan). Fleire grupper er for lengst døydde ut att (jf. tempeltre). Alle dei nolevande artane er vedaktige tre og busker, mellom anna gran, furu, barlind, einer og lerketre hos oss, og redwood og mammuttre.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.10.2012
Sist oppdatert: 29.10.2012