Hopp til innhold
X
Innhald

Nåletre

Nåletre eller bartre, underklasse av nakenfrøa planter som omfattar tre eller buskar med nål- eller skjelforma, oftast eviggrøne blad. Trea har einkjønna blomstrar og er anten sambu (einbu) eller særbu (tvibu). Dei viktigaste familiane er furufamilien, barlindfamilien og sypressfamilien. Til nåletrea høyrer også dei kaliforniske kjempetrea redwood og mammuttre.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.10.2012
Sist oppdatert: 29.10.2012