Hopp til innhold
X
Innhald

Seder

Seder (latin Cedrus), bartreslekt av furufamilien med eviggrøne blad (nåler) som sit i tette samlingar på kortgreiner. Konglane brukar to år på å mogne, og dei blir 8–10 cm lange.
 
Den mest kjende arten er libanonseder, C. libani, som er kjend frå slottet til kong Salomo (1 Kong 7,2). Dei største trea i den heilage lunden er om lag 2500 år gamle og har ein stammediameter på 3,5 m. To nærståande artar er atlasseder, C. atlantica, i Atlasfjella i Marokko, og kyprosseder, C. brevifolia, frå Kypros. Meir fjerntståande er himalayaseder, C. deodara, med pyramideforma krone. Namnet seder er også i bruk om bartreartar som høyrer til andre slekter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.10.2012
Sist oppdatert: 29.10.2012