Hopp til innhold
X
Innhald

Tempeltre

Tempeltre (latin Ginkgo biloba), einaste nolevande representant av Ginkgoatae, ei gruppe nakenfrøa planter som hadde størst utbreiing for om lag 200 millionar år sidan. Tempeltreet er opptil 30–40 m høgt og ser ut som eit lauvtre på grunn av dei flate blada som det fell kvart år. Arten stammar frå Kina og er planta i den tempererte sona, men han finst ikkje lenger viltlevande, og ein kan sjå på han som eit levande fossil.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.10.2012
Sist oppdatert: 29.10.2012