Hopp til innhold
X
Innhald

Tuja

Tuja (latin Thuja), slekt med seks artar av sypressfamilien som høyrer til bartrea. Vanleg tuja er mykje brukt som vernehekk, fordi arten er vindsterk. Indianarar i Nord-Amerika brukte tuja som mat i naudsår.

 

Tuja (latin Thuja), slekt med seks artar av sypressfamilien som høyrer til bartrea. Treet har skjelforma, eviggrøne blad som sit krossvis motsett. Når ein gnir blada, avgir dei ei aromatisk lukt. Tuja høyrer heime i Nord-Amerika og Aust-Asia. I Noreg plantar ein vanleg tuja, T. occidentalis, som ofte er kalla livstre i Nord-Amerika, ettersom dei tynne greinene i naudsår har vore brukte som føde blant indianarar.
Vanleg tuja kan bli 15 m høg og er mykje brukt som vernehekk, fordi arten er vindsterk. Orienttuja, T. orientalis, blir 20 m høg i Austen, men blir berre utvikla som småtre i Noreg. Kjempetuja, T. plicata, når opptil 70 m i Nord-Amerika, og 15 m på Vestlandet.
Foto: F.D Richards, flickr.com CC By 2.0
Foto: F.D Richards, flickr.com CC By 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.10.2012
Sist oppdatert: 18.06.2014