Hopp til innhold
X
Innhald

Aspergillus

Aspergillus eller strålemugg, soppslekt med om lag 150 artar. Dei dannar grønt mugg på matvarer, tekstilar osb. Soppane kan føre til sjukdom ved at artane produserer kreftframkallande aflatoksin (på paranøtter og peanøtter). Mange av artane er nyttige og blir brukte ved produksjon av antibiotika og organiske sambindingar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012