Hopp til innhold
X
Innhald

Blekksopp

Blekksopp, artar av slekta Coprinus. Matblekksopp, C. comatus, er kvit med høg sylindrisk hatt, og denne er etande så lenge han er kvit. Grå blekksopp har grå, klokkeforma hatt og må ikkje bli eten saman med alkohol. Blekksoppen er kjenneteikna ved at skivene løyser seg opp i ei blekkaktig væske ved mogninga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.08.2012
Sist oppdatert: 31.08.2012