Hopp til innhold
Kvit flugesoppFoto: sopper.no
Kvit flugesoppFoto: sopper.no
X
Innhald

Flugesopp

Flugesopp, hattsoppar av slekta Amanita med 20 kjende artar i Noreg. Grønn flugesopp og kvit flugesopp er døyeleg giftige, med amanitin som verksame giftstoff. Symptoma på forgifting kjem seint, 4–24 timar etter inntak.
 
Også panterflugesopp kan vere livstrugande for svekte personar og barn. Artar i gruppa ringlause flugesoppar er etande etter tillaging, men giftige som rå. Raud flugesopp er mindre giftig og har vore nytta som rusmiddel av sibirske folkeslag.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.08.2012
Sist oppdatert: 31.08.2012