Hopp til innhold
Spiss giftslørsopp.
Foto: sopper.no
Spiss giftslørsopp. Foto: sopper.no
X
Innhald

Giftslørsopp

Giftslørsopp, to farleg giftige slørsoppartar: spiss giftslørsopp, Cortinrius rubellus, og butt giftslørsopp, C. orellanus. Den første er vanleg i granskog, og den andre er sjeldan i Noreg.
 
Spiss giftslørsopp har hatt på 5-8 cm, fargen er gulbrun til raudbrun. Soppen har raudbrune, litt tjukke skiver. Stilken har same farge som hatten, med gule belter.
 
Giftslørsoppane inneheld gifta orellanin, som angrip nyrene. Dei første symptoma opptrer etter fleire dagar, opptil om lag ei veke, og er nærast influensaliknande og vanskelege å forbinde med soppforgifting.

Sopplukkarar i Noreg har forveksla kantarell og matriske med giftslørsopp og blitt alvorleg sjuke.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.08.2012
Sist oppdatert: 31.08.2012