Hopp til innhold
X
Innhald

Gjærsoppar

Gjærsoppar, mikrosoppar som mellom anna blir brukte i øl- og vinproduksjon på grunn av evna dei har til å danne om sukker til alkohol. Ein nyttar også gjærsoppane til heving av bakverk, og dei blir dessutan brukte som eksperimentalorganismar i genteknologien (der elles bakteriar er det som er mest brukt).
 
Dei fleste gjærsoppane er eincella organismar som formeirar seg ved knoppskyting. Ekte gjærsoppar, med mellom anna vingjær, Saccharomyces cervisiae, høyrer heime under sekksporesoppane (Ascomycotina).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.08.2012
Sist oppdatert: 31.08.2012