Hopp til innhold
X
Innhald

Gråskimmel

Gråskimmel (latin Botrytis), soppslekt innanfor sekksporesoppane med artar som gjer stor skade på mange nyttevekstar.
 
Vanleg gråskimmel, B. cinerea, går på kålplanter og gulrot og er hovudårsaka til den vanlege jordbærròten. Den same soppen gjer også skade på vinmarkene i år med våte vekstsesongar. I tørre år blir han kalla Edelfaüle eller pourriture noble fordi han gir druer med særs høgt sukkerinnhald (som berre blir brukte til Beerenauslese-vin).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.08.2012
Sist oppdatert: 31.08.2012