Hopp til innhold
Heksering.Foto: mushroomobserver.com
Heksering.Foto: mushroomobserver.com
X
Innhald

Hekseringar

Hekseringar, ringar av soppar, ofte i hagar og på plenar. Den underjordiske delen av soppane, mycelet, veks utover i stråleform frå eit infeksjonspunkt, og gir ringane auka diameter frå år til år.
Utanom soppsesongen ser ein hekseringane som tørre, vegetasjonslause ringar, «dødsstriper», og desse har vore opphav til mykje overtru, til dømes alvedans, nattlege heksemøte og i nyare tid UFO-landingar.
Vanlege artar som dannar hekseringar er vårfagerhatt, kjempetrektmusserong og nelliksopp.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.08.2012
Sist oppdatert: 07.09.2012